Grunna omgjering av vedtak og merknader frå Fylkesmannen i klagesaka, vart saka tatt opp til ny behandling. Plankart og føresegner er endra, og vedtaket vert derfor å sjå på som eit nytt vedtak. Endringane inneber at max mønehøgde i aust-vestgåande retning er sett til kote + 837,0, og nord-sørgåande retning + 841,0. Tilkomsten til det nye prosjektet er flytta litt nærare brua.

Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune for dei som er part i saka eller har rettsleg klagerett. Klagefrist er 25.07.2019. Klaga skal sendast skriftleg til Bykle kommune, SARVSVEGEN 14, 4754 Bykle eller postmottak@bykle.kommune.no. Oppgjev saksnummer 17/1539, kva klaga gjeld, og grunngjeving for klaga.