Høyring og offentlig ettersyn av detaljregulering for del av teig BFR20, Maurli Vest planID 202002.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for del av teig BFR20, Maurli Vest planID 202002 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet 28.06.2021, sak 131/21.

Formålet med planarbeidet er fortetting av eksisterande hyttefelt.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14,

4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no, innan 11.10.2021.