I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Nordli nord med planID 202005 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet den  18.05.2021, sak 97/2021.

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for ei betring av vegtilkomsten til fleire eksisterande hytter i området, samt fortetting med fire nye tomter for fritidsbustader.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no, innan 19.07.2021.