Kommunestyret vedtok i møte 27.02.2020, sak 23/20, detaljregulering for Øvre Geiskelid (planID 201906) med følgande vedtak:


Vedtak:

  1. I medhald av PBL § 12-11 vert detaljreguleringsplan for Øvre Geiskelid (planID 201906) vedteken med følgande endringar:
    1. § 2.4 endrast slik at BFF1-32 får maksimal mønehøgde på 5,5 m.
    2. Følgande rekkefølgjekrav skal settast inn i § 9:
      1. Før brukstillatelse for fritidsbustader i felt BFF1-38 skal Geiskelidvegen oppgraderast med fleire møteplassar og fastare vegskulder på utsette plassar.
      2. Før igongsetting av bygging i BFF 1-38 skal flytting og oppgradering av skiløype sikrast gjennomført
  2. Delar av reguleringsplan for Midtregionen, planid 200601, vedteken 27.09.2007, som ny detaljregulering for Øvre Geiskelid, planid 201906, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, får konsekvensar for, blir oppheva.

Krav om at hyttene skal ha saltak
 

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.