Mange ønskjer sosial kontakt, fest og moro etter veker med sosial distansering og avstand. Vi har alle medverka i den store nasjonale dugnaden, men det er likevel ikkje tid for å feire. Kvifor?

Tiltaka har vore restriktive og hatt høg pris. Behandlingar og operasjonar har blitt utsatt og mange har mista eller vorte permiterte frå jobb.

Vi har for tida ei form for kontroll over dette nye og delvis ukjente viruset. Men,  kontrollen er svært lett å miste. Då er det mange som har ofra mykje forgjevast.

Dette er ikkje ein sprint, men ein maraton. Det tek tid, og det krev tålmod. Vi kan ikkje innkassere sigeren før første del av løpet er ferdig.

Når samfunnet igjen skal opne samla, gradvis og forsiktig, er det viktig at det er nettopp det som skjer. Sjølv om vi kan senke skuldrene litt, må vi ikkje miste fokus.

Derfor er det no viktigare enn nokon gong at vi alle føler eit individuelt ansvar og at vi alle følgjer dei basale smittevernråda frå Folkehelseinstituttet .

  • Hald avstand.
  • Unngå større grupper.
  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Vask hendene ofte!

 

Maren Østvold – kommuneoverlege Bykle