Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Reservasjonsretten

Reservasjonsretten

Digital kommunikasjon med innbyggjarar - bruk av kontakt- og reservasjonsregisteret.

Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at stat og kommune skal gå over til å kommunisere på nett med innbyggjarane. Innan første halvdel av 2016 skal alle statlege forvaltningsorgan kunne sende deg digital post. Som innbyggjar kan du gje beskjed om at du heller ønskjer å få vedtak og andre brev med innhald som er viktig for deg, på papir. Det gjer du ved å reservere deg.

Dersom du aldri har registrert mobilnummeret ditt eller e-postadressa di ved innlogging til ei offentleg teneste på nett via ID-porten, treng du ikkje reservere deg. Då kan ikkje det offentlege varsle deg om viktig post på SMS eller e-post, og må difor sende ut på papir.

Om du tidligare har nytta deg av digitale tenester, men heller vil ha det på papir i framtida, må du altså aktivt reservere deg mot å motta kommunikasjon digitalt.

Reserver deg mot kommunikasjon på nett

 

Direktoratet for forvaltning og IKT

Reservasjonsretten
Publisert | Oppdatert 05. oktober 2015