Bykle kommune har no lagt til rette for at kundane våre kan velje fleire typar elektroniske løysingar for mottak av faktura. Kommunen tek i bruk Multikanal frå tietoEVRY som forenklar og digitaliserar utsending av faktura til innbyggjarar, hytteeigarar og næringsliv.

Kundane vil kunne velje mellom å få faktura direkte til nettbank via Avtalegiro og e-faktura, til Vipps eller til Digipost, for dei som har avtale om det.

Vel korleis du vil fakturaen

Multikanal Evry sørger for at fakturaen vert sendt ut slik at du som kunde  har gjort val knytt til digitale løysingar. Kommunen har ikkje moglegheit til å endre dei ulike digitale vala du som kunde har vald.

  • Får du fakturaer i Digipost bør du sette på at du ønskjer varsel via SMS eller e-post dersom at du har fått ein ny faktura. Meir info om Digipost her: https://www.digipost.no/hjelp/privat
  • Dersom du ikkje ønskjer fakturaene i Digipost kan det vera eit alternativ å oppretta eFaktura. Efakturareferansen er fødsels- og personummer ditt.

Berre dei som ikkje har valt ein av desse løysingane vil framleis få fakturaen i posten.

Faktura tilpassa bedrifter

Bedrifter og organisasjonar som kan ta imot faktura på elektronisk handelsformat (EHF), og som er registrert i ELMA, vil motta faktura i dette formatet som tidlegare.

For dei kundane som ikkje er klare for å ta imot faktura elektronisk vil faktura bli skriven ut og sendt pr. post.

 

Økonomiavdelinga
Bykle kommune