Vi har følgd utviklinga i dag, og opplev at trafikken i Hovden sentrum og ute i løypene er avgrensa. Det er mindre folk ute enn vanleg. Talet på personar som oppheld seg i kommunen er og nedagåande.

Vi set pris på at det synest som om dei fleste tek personleg ansvar og følgjer både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sine råd, og har teke kommunen sine oppmodingar til følge.

Til hyttefolket, beklagar vi at vi framleis oppmodar dykk til å vere i eigen bu-kommune. Det er på grunn av uro for kapasiteten i helsetenestene våre, og om vi kan ta hand om alle på forsvarleg måte, dersom vi skulle få eit utbrot med korona-sjuke i kommunen. Vi ønskjer alle velkomne tilbake så snart korona-epidemien er under kontroll, og helst over.

Til innbyggjarane; Hugs å ta eit tak for eldre og utsette grupper, kanskje naboen din? - Slik at dei får handla og gjort daglege gjeremål utan frykt for smitte.

Kriseleiinga nytter høvet til å takke for positive bidrag – slik at kvardagen blir så normal og hyggeleg som mogleg i ei spesiell «unntakstid»!

Helsing Bykle kommune