Bykle kommune forvaltar betydelege verdiar og løyser ei rekkje oppgåver ved bruk av ulike typar selskapsorganisering og ved ulike samarbeidsformer. Desse selskapa kan dels vere eigd av Bykle kommune åleine, vere eigd saman med andre offentlege organ eller saman med private. Samarbeidsformene med andre offentlege organ gjeld i hovudsak dei andre kommunane i Setesdal.

​Slik organisering utanom den vanlege politiske og administrative modellen aukar etter tid i omfang. Dette medfører bl.a. at det blir behov for andre måtar å utøve folkevald styring og kontroll av verksemdsområde der selskap og samarbeidsformer leverer tenester til publikum og i nokre tilfelle utfører forvaltningsoppgåver ovanfor publikum. Denne styringa og kontrollen må skje gjennom selskapsorgana.

Eigarskapsmeldinga skal gje ei oversikt av kva Bykle kommune har av selskap og samarbeid, og kva oppgåver som ein forventar løyst av desse.

Eigarskapsmelding 2021

Eigarutgreiing 2021