MinEiendom

Gjennom «MinEiendom» får du informasjon om dei eigedomane du eig i Bykle.

På denne sida finn du informasjon om blant anna kommunale gebyr, kart, tinglyste heftingar og utfakturerte gebyr. Du finn også ei meldingsteneste om det er noko du ønskjer å melde frå om til Bykle kommune. Ved å bruke portalen er du ikkje avhengig av rådhuset si opningstid.

Du kan logge deg inn via ID-porten med MinID, BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides.

eTorg

e-Torg er kommunen sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meklarpakke, 3D-modellar, områdeanalyse, flybilderapport, nabovarsling m.m.