På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2019, eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3c - for kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum,  og med heimel i eigedomsskattelova § 15, er lista over utskriven eigedomsskatt for 2019 i Bykle kommune lagt ut til ålment ettersyn på Bykle rådhus i 3 veker frå 28.02.2019.  Dette er og publisert på kommunen si heimeside, www.bykle.kommune.no. Skatten vert skrive ut med kr. 7 for kvar tusen av takstsum for dei einskilde skatteobjekta.

Klage over fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare. Klaga må sendast skriftleg til: Bykle kommune, eigedomsskattekontoret, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle innan 11.04.2019.

 

Eigedomsskattekontoret