På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2021, eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3c - for kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum,  og med heimel i eigedomsskattelova § 15, er lista over utskriven eigedomsskatt for 2021 i Bykle kommune lagt ut til ålment ettersyn på Bykle rådhus i 3 veker frå 15.02.2021. Skatten vert skrive ut med kr. 7 for kvar tusen av takstsum for dei einskilde skatteobjekta. Klage over fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare.

Klaga må sendast skriftleg til : Bykle kommune, eigedomsskattekontoret, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle innan 30.03.2021.