Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Eirik Skogstad-Nilsen

Eirik Skogstad-Nilsen - byggesakshandsamar

Eirik utfører sakshandsaming av søknader om bygg og tiltak etter plan- og bygingslova (PBL) og tilhøyrande føresegner. I tillegg til å serve og gi råd til søkjarar, er det å skrive administrative og politiske saker som er hovudarbeidsområdet. Eirik deltek og planutvalsmøta på aktuelle saker.

Han har og dispensasjons- og delingssaker etter PBL, og medverkar med råd og til tverrfagleg drøfting av saker i det administrative planforumet med beredskap, teknisk- drift og eigedom, næring og plan. Tilsyn i byggesaker fell også innafor arbeidsoppgåvene til byggesakshandsamarane.

Eirik er utdanna jurist og har lang fartstid som m.a. byggesakshandsamar i Kristiansand kommune.  Skogstad-Nilsen har i ein periode våren 2019 vore engasjert i deltid for Bykle kommune for å bistå med byggesakshandsaming. Vi har framleis noko vakanse og behov for, og glede av kapasiteten til Eirik. Frå 1. juni blir tenestene kjøpt frå Arkicon AS – der Eirik no er fast tilsett.

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 20. august 2019