Kommuneoverlege Maren Østvold informerte i kveld, 27.august, kriseleiinga i Bykle kommune om eitt konstantert tilfelle av koronasmitte. Utbrotet er knytt til Bykle sjukeheim. Vedkomande har heile tida hatt isolerte omgjevnader, og faren for vidare smitte i institusjonen blir vurdert som lite sannsynleg.  Smittesporingsteamet arbeider for fullt med å kartlegge nærkontaktar og bruker alle ressursar på smittesporing.

Tiltak som blir sett i verk f.o.m 27.august kl 20.00

  • Beredskapsnivået blir heva til raudt nivå i pleie- og omsorgstenestene.
  • Det blir innført midlertidig besøksforbod på sjukeheimen i Bykle medan smittesporinga pågår.
  • Som følge av auka behov for testkapasitet vil ressursar i helsetenestene bli omdisponert dei neste dagane. Øyeblikkeleg hjelp/legevakt vil vere intakt.
  • Innbyggjarane blir oppmoda til særleg merksemd på symptom, og ev å tinge testing. Fredag føremiddag vil prøvetakinga prioritere helsepersonell/ nærkontaktar av pasient/familie.

Kriseleiinga vil følge situasjonen tett, ev ytterlegare tiltak vil bli vurdert fortløpande dersom smittesituasjonen endrar seg.

Ny og oppdatert informasjon vil bli lagt ut på heimesida til kommunen fredag 28.august.