Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Eivind Ilje Tveit

Eivind Ilje Tveit - ny rådgjevar

Rådmannen sin stab

Eivind Ilje Tveit (36)  har starta i stillinga som rådgjevar i rådmannen sin stab.

Eivind vil ha oppgåver som politisk sekretariat,  syte for informasjon på web og digitale flater. Vidare noko sakshandsaming med skjenke- og serveringsløyve, buplikt, husbanksaker, tomtesal i kommunale bustadfelt, oppfølging av utbyggingsavtaler mv.  Til stillinga ligg og arbeid med offentlege anskaffingar. Eivind vil og legge til rette ulike møte og arrangement.  Han vil og overta rolla som valansvarleg etterkvart.  

Eivind er ein engasjert og allsidig byråkrat med bakgrunn frå NAV, UDI og Statens vegvesen. Han har utdanning innan offentleg politikk og leiing, og statsvitskap.

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 19. august 2019