Gravide i 2. eller 3. trimester kan også få ei oppfriskingsdose. Tilrådinga om ei slik dose gjeld også helsepersonell.

- I Bykle og Valle nyttar me den oppdaterte vaksina, som er betre mot omikronvarianten som oppfriskingsdose. Viss ein av ein eller annan grunn heller vil ha dei opphavelege vaksinane kan ein gje beskjed om det, seier kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva.

Tre veker etter sjukdom

For dei som skal ta ei oppfriskingsdose gjeld det at det har gått minst tre veker etter at ein eventuelt har hatt korona. Oppfriskingsdose kan ein få tidlegast fire månader etter sist vaksinasjon.

- Så er det som før slik at har ein symptom skal ein ikkje møte til vaksinasjon, seier kommuneoverlegen.

Vil du vite meir? Då bør du lese HER