Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Logo Digipost

Logo Digipost

Elektronisk fakturering i Bykle kommune

Frå og med februar 2015 sender Bykle kommune ut alle sine fakturaer elektronisk

Det vil seie at alle som har registrert seg med digital postkasse "Digipost", får fakturaen elektronisk levert i denne.  Fakturaen dukker opp som eit varsel frå Digipost.  Når reikninga blir betalt av deg via nettbank, blir kvitteringa arkivert i Digipost. 

Med digital postkasse får du
• samla post frå det offentlege trygt og gratis ein stad
• tilgong til posten din kor og når du vil
• varsel på SMS eller e-post når du får viktige brev
• raskare svar og informasjon frå det offentlege
• lagra all viktig post samla på ein sikker stad
• spart miljøet og redusert offentlege utgifter
• post frå private avsendararar på same sted

NB:  Har du ikkje registrert deg som Digipost-brukar, kjem fakturaen som vanleg.

Klikker du på denne lenka kan du lese meir om Digipost og dei mange moglegheitene dette opnar for. 

Ønsker du å registrere deg som Digipost-brukar gjer du det her

Har du spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med oss.

 

Ann Ebeltoft - Økonomisjef
ann.ebeltoft@bykle.kommune.no
T:37938500

 

Publisert | Oppdatert 26. september 2017