Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
6271_Byklekommune_2453

Endring av treningstilbodet ved Hovden grendehus

Fredag 13. mars blir apparata i styrkeromet på Hovden grendehus flytta til det nye treningssenteret på Hovden Badeland, som opnar tysdag 17/3. Vi må ha nokre dagar på å gjere om styrkeromet til eit fleksibelt grupperom, der vi etter kvart kan huse aktivitetar som strekker seg frå barseltreff og seniortrim, til yoga, dans og sirkeltrening.
 

Mosjonsromet er opent som vanlig t.o.m. måndag 16. mars.
 

F.o.m. 17/3 vil grendehuset tilby aktivitetar for målgrupper vi har kome fram til i ein proesess med involverte brukargrupper.
 

Vi har så langt fått ynskje om følgande tilbod:
 

  • Lavterskeltilbod for vaksne (dame-gruppa ons/tors blir vidareført)
  • Jenter i alderen 13-18, trening i «trygge omgjevnader»
  • Gutar i alderen 13-18 år, trening i «trygge omgjevnader»
  • Sirkeltrening / yoga / pilates etc.
  • Barseltrening
  • Dansegrupper (workshop kulturskulen o.l.)

 

Ta kontakt med resepsjonen på grendehuset dersom du er interessert i organiserte gruppeaktivitetar eller har andre spørsmål.

 

grendehuset@bykle.kommune.no

Tlf. 37 93 86 93

Publisert