Dersom ein skal etablere verksemd med servering av mat, selge eller skjenke alkohol, er det obligatoriske kunnskapsprøver ein må bestå, før ein søkjer om løyve.

Prøvene kan takast i kva som helst kommune, som skriv ut attest ved bestått prøve.  I Bykle kommune kan du take prøva(ne) på rådhuset.
Gebyr for å avlegge prøve må betalst til kontonummer 2835.20.00266. Det vert sendt faktura:

-  Etablerarprøve i serveringslova f.t kr.300.-
-  Kunnskapsprøve i alkohollova for sal eller skjenking av alkohol, f.t kr.400.-

Ting å huske på.png

Prøva er basert på materialet som er i læreboka "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomhet" fra Vinn.
Læreboka kan tingast på telefon: 76 96 72 00
E-post: firmapost@vinn.no
Telefax: 76 96 72 01

Ein har rett til å ha med seg reine lov- og forskriftstekster ved avlegging av etablerarprøva. Ordbok er ikkje tillete som hjelpemiddel.
Les rundskriv frå nærings- og handelsdepartementet, datert 25.09.2013

Ring Informasjonen for å avtale tid på tlf.: 37 93 85 00