Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Hos legen

Hos legen

Evaluering av Helsetenesta i Bykle og Valle

Bykle kommune og Valle kommune har frå 1. januar 2013 hatt felles helseteneste organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid kor Bykle kommune er vertskommune. Samarbeidet vert regulert av ein samarbeidsavtale. I henhold til avtalens punkt 7, skal samarbeidet evaluerast annan kvart år og første gang innan 30.6.15.

Ordninga skal no evaluerast og Helsetenesta i Bykle og Valle er interessert i korleis brukarane opplever denne endringa.  Både positive og negative  tilbakemeldinger frå deg som brukar er av interesse. Undersøkinga vert  gjennomført med telefonintervju av ei utvald gruppe brukarar av helsetensta.

Telefonundersøkinga vert gjennomført av KS  19. mai.  Undersøkinga er sjølvsagt anonym.

Det er også lagt ut spørreskjema på legekontora i Bykle og Valle, og har du som brukar av helsetenesta lyst til å seie di meining, er du velkomen til å fylle ut eit anonymt spørreskjema på legekontoret. 

Heimesjukepleien i Bykle og Valle gjennomførar og ei spørreundersøkelse blant deira brukarar. Undersøkinga vert avslutta 22. mai.  Føremålet med undersøkinga er å få kartlagt korleis  brukarane av helsetenesta opplever denne endringa som et ledd i :

• Fagleg kvalitetsforbetring
• Sikre at innbyggjarane i Bykle og Valle kommune får eit likeverdig og godt helsetilbod.
• Styring av verksemda
• Samfunnsmessig legitimering og kontroll

Informasjon og spørreskjema.
 

Hos legen
Hos legen

Meir informasjon

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 13. mai 2015