www.bykle.kommune.no

Feiing av kommunale veger og plasser

Då det kan være glatte veger også seint på vinteren, blir feiing av veger og plasser normalt ikkje utført før i starten av mai.

For å få til ei effektiv feiing er det avgjerande at vegskuldra er isfri og at sanden ikkje er fryst fast i underlaget.

Ein ser i år at det allereie har smelta godt og det er meldt om mildver framover. I år har vi derfor som mål å gjennomføre feiinga i løpet av april.

Publisert | Oppdatert 15. april 2020