Det har oppstått ein feil i faktura for kommunale eigedomsgebyr 1.termin 2019, som er sendt ut til fritidsbustader utan pipeløp. Desse har blitt fakturert for feiing som fylgje av teknisk feil.
Ikkje betal denne fakturaen, det vil kome ein kreditnota. Ny korrekt faktura vert tilsendt.
Blir faktura trekt automatisk frå konto ber vi om at denne vert stoppa. Bykle kommune beklagar feilen.