Avdelingane har fleire innhaldsrike rom å utfalde seg i, og som innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik. Vi har også eit stort fellesrom, puterom og kjøkken med peis.
Barnehagen har eit stort og variert uteområde, med mykje naturtomt, og tilgang til skulen sitt uteareal. Vi har også gapahuk med bålplass på tomta vår. Om vinteren har vi ein stor akebakke på leikeplassen og skiløype rett utanfor gjerdet. Hovden grendehus (med bibliotek og gymsal), badeland og grusbane/skøytebane ligg i barnehagen sitt nærområde. Kulturskulen gir oss tilbod om leikarring på barneskulen, musikk i barnehagen og eventyrstund på biblioteket.

Dei eldste barna, kompisane,  har månadlege turar/aktivitetar med kompisane i Bykle barnehage, i tillegg til eigne aktivitetar i barnehagen.

Slik søker du

Søknadsfrist er 1. mars. I tillegg har vi opptak heile året (supplerande opptak), då gir vi plass til barn når det er ledig. For å søke må du logge deg inn på Visma Flyt Barnehage sin foresattportal. Der får du beskjed om kva for opplysningar som skal legges inn.

NB! Du må og logge deg inn i foresattportalen for å takke ja til eit tilbod innan 14 dager. Om ikkje kan du miste plassen.  

Slik svarar du på tilbod

Du må logge deg inn på foreldreportalen for å takke ja til tilbodet innan 14 dagar. Om ikkje kan du miste plassen. 

Slik seier du opp barnehageplass

Om du skal seie opp ein barnehageplass er det alltid greit for barnehagen at du er tidleg ute og gir muntleg beskjed. Skriftleg oppseiing sendast i foresattportalen. Hugs at barnehagane har oppseiingstid. Sjekk vedtektane om du er usikker.