Spesielt moro er det at dei to musikarane, som diska opp med innslag frå mellom anna heimstadene deira Trøndelag og Sunnfjord, er lærarar i kulturskulen i Bykle kommune. Det seier noko om kompetansen og nivået på kulturskuletilbodet.

Best på kultur

Det høyrer med til historien at kultursatsinga i Bykle kommune blir lagt merke til landet rundt. I sist Kommunebarometer frå Kommunal Rapport vart det slege fast at Bykle kommune er best på kultursatsing i Noreg! Kulturkaféen nyleg er altså eitt av mange tiltak og tilbod som utgjer denne solide "kulturpakka".