Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Bykle kommune

Bykle kommune

Førebels ingen smitta blant lokalbefolkninga!

Hovden helsehus har i dag testa 10% av befolkninga på Hovden. Det er tilsette ved Hovden Badeland, Extra Hovden, Vinmonopolet og Hovden Alpinsenter som vart testa. Alle testa negativt på corona hurtigtest og ein ytterlegare test blir send til Sørlandet sjukehus i morgon for dobbeltkontroll. Dette betyr, at det er lite sannsynleg at helgas smitteutbrudd blant turistar har spreidd seg til lokalbefolkninga.

Kriseleiinga i Bykle kommune vil gjerne nytte høvet til å takke sjukepleiarane på Hovden helsehus for at dei fullførte massetesting på så kort varsel og samtidig gi ein stor honnør til næringa for at dei tek smittevern alvorleg. Dette viser at tiltaka fungerer og vi håpar framleis fokus på dette framover!

Publisert | Oppdatert 17. mars 2021