Det er bakgrunnen for både vasstilvenjing, vassleik og ikkje minst opplæring i livredning som borna i førskulealder altså i heile Bykle kommune skal gjennom utetter hausten. At desse aktivitetane er både morosame men også kan vere livsviktige, forstår me alle.
Gode resultat
Opplegget med vasstilvenjing og opplæring i livredning for dei yngste i kommunen har blitt gjennomført også tidlegare, og med så gode resultat at dette no er inne som fast punkt i ein innhaldsrik og spennande barnehagekvardag øvst i Setesdal. At også komande årskull får vere med på dette er avgjerande - den dagen det verkeleg gjeld kan livredning eller tre-fire gode symjetak vere heile skilnaden!