Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Folkehelseoversikt Bykle 2016

Folkehelseoversikt Bykle 2016

Folkehelseoversikt 2016 - Bykle kommune

Kommuneoverlegen legg med dette fram Folkehelseoversikt for Bykle kommune.

Folkehelseoversikta byggjer på nasjonal og lokal statistikk, innspel og drøftingar i Fagteam Folkehelse og opplysningar frå kommuneorganisasjonen.  

Folkehelseoversikta inneheld oversikt over helsetilstand, påverknadsfaktorar, folkehelseutfordringar og ressursar. Oversiktsdokumentet skal føreliggje ved oppstart av arbeidet med planstrategi etter Plan og bygningslova § 7-1 og § 10-1, og være ein premiss for kommunen sitt systematiske og målretta folkehelsearbeid.  

Medverknad frå befolkninga er eit sentralt prinsipp i Folkehelsearbeidet. Oversiktsdokumentet skal vere ålment tilgjengeleg for friviljuge organisasjonar og innbyggjarane for å leggje til rette for medverknad i det vidare folkehelsearbeidet.

Underteikna vonar at folkehelseoversikta vil gje god kunnskap om folkehelsa i Bykle kommune og vere til nytte i både langsiktig planlegging i dei ulike verksemdene i kommunen og i det daglege arbeidet med å skape eit sosialt bærekraftig lokalsamfunn og helsefremjande nærmiljøutvikling i kommunen.

Du kan lese heile dokumentet her.

Hanne T. Straume
Kommuneoverlege i Bykle og Valle 

Folkehelseoversikt Bykle 2016

Meir informasjon

Publisert | Oppdatert 09. januar 2017