Folkehelsebarometeret som er utarbeida av Folkehelseinstituttet, er delt inn i 5 ulike tema: Befolkning, Oppvekst og levekår, Miljø, skader og ulykker, Helserelatert åtferd og Helsetilstand. Kommunale nøkkeltal gjev moglegheit til å samanlikne Bykle sine tal opp mot fylket, og Noreg. Ynskjer du å sjå på talla for tidligarar år kan du trykke deg inn på kvar linje i profilen.

Tabellen viser at Bykle ligg godt an på veldig mange av områda vi blir målt på. Samtidig har vi innan for kategorien "Helsetilstand" område der vi ligg dårlegare an enn landet elles. Tal indikera at overvekt er eit aukande problem nasjonalt. For å betre helsetilstanden og auke livskvaliteten og talet på gode leveår er det viktig med sunt kosthald, og fysisk aktivitet i kvardagen for vaksne. Se Folkehelseprofilen for anbefalingar rundt fysisk aktivitet. Sjølv små tiltak i din kvardag kan gi deg ein god helsegevinst.

Oversikta manglar ein del data på ungdomsnivå. Årsaka er at talla for Ungdata-undersøkinga er for små til at dei kan offentleggjerast. Vi har god oversikt internt i kommunen og legger dette til grunn for å gi barn og unge ein god, trygg og triveleg kommune å vakse opp og bu i.

Folkehelsebarometeret vil bli lagt til grunn for arbeidt med å vidareutvikle kommunen sitt folkehelsearbeid i 21/22.
 

Folkehelsekoordinator                                          

 Anna Lise P. Væting