Det er Bykle kommune, Setesdal vgs, Åwesome Events og Khan som står bak arrangementet. Khan, som vann den første sesongen av "So You Think You Can Dance" på TV Norge, og mellom anna har vore domar i "Norske Talenter", har lang fartstid også med tanke på å snakke om psykisk helse.

Usminka

Foredraget Motstand = Styrke har blitt kalla eit oppvekkjande, usminka, brutalt ærleg og samfunnskritisk foredrag. Khan tar for seg korleis den enkelte av oss kan få kontakt med eige sinn, og i foredraget skildrar han ein barndom prega av mobbing, rasisme og utanforskap. Han tar for seg korleis negative opplevingar i oppvekst kan gje positiv styrke som vaksen, korleis media og influencarar påvirkar sjølvbiletet vårt og korleis ein kan hjelpe dei som står utanfor, for å nemne noko av det han kjem inn på. Oppsummert er det nok inga tvil om at dei fleste kan ha nytte av å høyre Adil Khan i Hovden grendehus måndag 15. august!