I tilegg vil formannskapet at alle som kjøper seg leilegheit i eit bustadområde skal få 150.000 kr. i etableringstilskot. Det vart vedteke under formannskapsmøtet i Bykle onsdag 11. mai. Under handsaminga røysta fire for framlegget frå kommunedirektøren, medan ein ikkje ville realitetshandsame saka. Innstillinga vart difor vedteken.

Folketalet

Oppjusteringa av tilskot til husbyggjing og leilegheitskjøp er eit grep for å auke folketalet i Bykle kommune. Summen husbyggjarar skal få har ikkje blitt revidert sidan 2013, anna enn for prisauken. Saka skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret 24. mai.