På bordet kjem saker som gjeld eventuell lokal straumstøtte til folk som treng hjelp, og moglege ordningar for næringslivet med tanke på samfunnsviktig idrettsinfrastruktur. Noko av formålet er å lose Hovden som reiselivsdestinasjon gjennom straumkrisa.

Dagsturhytta

Så skal også kommunestyret avgjere kva den nye dagsturhytta på Jarekollen skal heite. Ei namnetevling har fått fram to "finalistar", Jarebu og Jarestoga. Så får altså dei folkevalde siste ord. I løpet av kommunestyremøtet skal det også veljast ungdomsråd i Bykle kommune.

Kommunestyremøtet tar til klokka 17.00 og blir streama. Du kan høyre det HER