Ungdomen fekk ei orientering om situasjonen kring Bykle hotell før ulike andre tema kom på bordet. Frå ungdomsrådet kom det klåre signal om at ein slett ikkje har så verst fritidstilbod øvst i dalen, men at det nok kunne ha vore meir variert. Blant tiltaka dei ynskjer seg, er kafé/restaurantsamling for ungdom, gjerne der prisane er ekstra gunstige.
Ungdomsball
Ungdomsrådet tok til orde for at det skal skipast til eit ungdomsball, gjerne saman med ungdom frå Valle. I møtet kom også situasjonen kring snøscooterkøyring på bordet. Det vart peika på at det er behov for eit aktivt lag som kan ta ansvar og gå i front for å legge forholda betre til rette enn i dag. Det kan bli aktuelt at Frivilligsentralen tar opp temaet i sine møter med ulike lag og organisasjonar.
Meir medverknad
I ungdomsrådet vart også medverknad tema. Ungdomen i Bykle kommune er engasjerte, og vil bidra. Under møtet vart det drøfta om nye strukturar for medverknad mellom undomsrådet, kommunen og dei folkevalde kan vere ein veg å gå.