Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Bykle YX

Framdrift på bensinstasjonen i Bykle

Det er inngått avtale med YX som leverandør av drivstoff på bensinstasjonen i Bykle.
Bensin, Diesel og farga diesel skal etter planen vere tilgjengeleg i løpet av veke 51 om alt går som planlagt.

Den har vore stor interesse frå forskjellige oljeselskap om å kunne levere, men valet fall på YX som i mange år har vore ein god samarbeidspartnar. Førebels så står Bykle Næring og Utvikling (BNU) som drivar av pumpene, men ny drivar av stasjonen er forventa å vere på plass litt ut på nyåret.

Publisert | Oppdatert 24. november 2020