Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Førehandskonferanse

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halden før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.

Målgruppe

Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova

Kriterium/vilkår

Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førehandskonferanse.

Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Direktoratet for byggkvalitet
aaa

Lover og retningslinjer

Sjå
Plan- og bygningsloven § 21-1 Forhåndskonferanse
Byggesaksforskriften § 6-1 Forhåndskonferanse

Lover

Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven

Forskrifter

Byggesaksforskriften (SAK 10)

___

Rettleiing - korleis få utført

Ta kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det.  Der eksisterande bygg er øydelagt av brann, naturskade eller ulykke, skal førehandskonferanse haldes seinast 5 dager etter hendinga.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Navn:Jens Gunnar Haugen
Tittel:Rådgjevar byggsak
Telefon:37938546
Mobil:97643282
Epost:jens.gunnar.haugen@bykle.kommune.no

Andre opplysningar

Oppdatert:2018-12-10 12:33