Tilsette i teknisk drift og eigedom i Bykle kommune, og med hjelp av ivrige sommarvikarar, har fått på plass alt saman i rett tid. Prosjektet er soleis i rute.

- I tillegg til eigne tilsette har sommarvikarane Erik Domaas, Audun Haugen og Sondre Holte vore med i arbeidet. No er det tida og vegen fram mot ferdigstillelse, seier prosjektleiar Vegard Vatnedalen.

Grimstad-firma skal bygge

Det er HL Bygg AS frå Grimstad som skal sette opp alle dagsturhyttene i Agder. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen SR-bank og Agder fylkeskommune. Også Bykle kommune er med med ein eigenandel. Hytta skal vere gratis å bruke for alle.