Alle prøver teke i dag er negative – dvs ingen nye smitta, og at vi p.t. berre har to påvist smitta.

Hovdestøylen er orientert. Alle gjester kan reise heim i morgon, så framt dei ikkje har symptom. Har dei symptom blir dei testa laurdag.

Kommuneoverlege Maren Østvold opplyser at det er teke 42 prøver,  eller tilsvarande ca 1,8  % befolkninga i Bykle og Valle, dei 5 første dagane denne veka. Ein reknar med å ha teke 50 prøver, eller tilsvarande ca 2,2 % av befolkninga, i løpet av denne veka.