Det har lenge vore snakk om å få på plass ei skyssordning så born og unge i Bykle og på Hovden kan vitje kvarandre, vere med på aktivitetar og i det heile bevege seg enklare mellom bygdene. Frå no og fram til jol kan no alle born og unge med alder opp til og med vidaregåande skule få gratis skyss. Ein kan nytte både skulebussen eller bussane Setesdalsruta har.

Påmeldingsskjema

Evaluering

Prøveperioden går altså fram til jol, før ordninga skal evaluerast. Det er barne- og ungdomsarbeidar i Bykle kommune, Ida Olsen-Sund, som skal administrere ordninga. Ho har no sendt ut informasjon om tilbodet via skulane i kommunen.