Kvar måndag og torsdag mellom klokka 08.30-14.30 kan alle som er i kommunen, både fastbuande og tilreisande, gjere seg nytte av tilbodet. Som eit samarbeid mellom Agder fylkeskommune og Bykle kommune skal prøveordninga i første omgang gjelde i to år.
Luftetur
Det er ikkje noko krav til formål med ein tur med AKT Svipp. Det betyr at om ein treng skyss til lege, vil på butikken eller bare ha seg ein luftetur - alt er innanfor og altså aldeles gratis!
HER kan du lese meir om ordninga og tinge deg skyss.