Dei nye innskjerpa og strenge hygienetiltaka frå Regjeringa er:

  • Ute i det offentlege rom bør folk ha minst ein meter avstand til andre menneske. Når ein er ute, bør ein ikkje vere meir enn fem personar i same gruppe.
  • Innandørs bør folk ha minst to meter avstand til kvarandre. Det gjeld sjølvsagt ikkje dei som er i familie eller i same husstand.

Barn som leiker med kvarandre på fritida, bør ikkje besøke kvarandre inne, men leike saman ute i grupper på maksimalt 5 personar. Dei barna som ikkje sjølv klarer å halde ein meters avstand ute, bør ha tilsyn av vaksne om dei leikar med andre barn.