I forbindelse med Covid-19 situasjonen ønsker Bykle kommune å informere innbyggere og tilreisende om smittestatus, smitteverntiltak og liknande.

Dette er på bakgrunn av ei offentleg interesse om å drive effektivt smittevernsarbeid.

Det er Bykle kommune ved kommunedirektøren som er behandlingsansvarleg for denne behandlinga og vi nyttar Everbridge AS som databehandlar. Everbridge AS nyttar på dei side teleoperatørane sine som databehandlar igjen.

Det som skjer når vi ønskjer å nå ut med ein bodskap på SMS til innbyggjarar og tilreisande, er at vi sender ein tekst og ei geografisk skildring til vår databehandlar som igjen vidaresender dette til databehandlarane sine (teleoperatørane) for at dei sender ut SMS med valde tekst til dei mobiltelefonane som er kopla til valde basestasjonar.

Løysinga har innebygget personvern i form av at det berre er teleoperatørane som har tilgang til mobilnummer og basestasjonar. Korkje Bykle kommune eller vår databehandlar har tilgang til dette. Eventuelle krav om innsyn i personopplysingane må derfor rettast til mobiloperatøren din.

Kommunens personvernombud kan kontaktes på pvo@bykle.kommune.no dersom du har spørsmål knyttet til vår behandling av dine personopplysninger.

Personvernerklæringar for Bykle kommune