Det er ein uføreseieleg smittesituasjon i regionen, og bekymringar knytt til føreståande jolehøgtid. Den aukande smittetrenden kan medføra auka risiko for at elevar og skuletilsette, og familiane deira, må halda til jola i karantene og isolasjon. Vi er samde i at det beste for elevane er å vera på skulen, samstundes vert det vektlagd no at elevane skal få ein best mogleg joleferie utan karantene eller isolasjon.

På bakgrunn av dette og i samråd med kommuneoverlegen vert det innført heimeundervisning for skulane i veke 51, og barnehagane held stengd i same tidsrom. Det vil framleis verte gjeve undervisningstilbod på skulane til elevar med spesielle behov, og til born av føresette med samfunnsviktige eller samfunnskritiske roller. Det vil verte sendt ut informasjon til føresette frå kvar enkelt skule og barnehage.