HV08 er heimeverndistrikt Agder og Rogaland. I alt sju HV-område har vore involvert i øvingar i den perioden. Totalt 700 soldatar har fått finpussa kompetansen i ei teneste som er ein viktig del av beredskapen her i landet både i krigs- og fredstid. I kommunane Bygland, Valle og Bykle er det soldatar frå Setesdal HV-område som held på.

Objektsikring

Av oppgåver soldatane får drilla seg på er mellom anna objektsikring, overvaking og kontroll, beskyttelse av vegar og sivilt/militært samarbeid. Onsdag 21. september var representantar frå Setesdal HV-område innom Bykle kommune.

- Oppdatering og fortløpande informasjon er viktig. Dialog og samarbeid mellom HV og kommunane gjer det enklare for alle, og er ein vesentleg del av beredskapen, seier beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen.

Støy

I Setesdal har det vore og er HV-øving i alle dei fire kommunane. Militær trafikk, støy, skyting og synleg bevæpna soldatar er altså heilt naturleg i øvingsperiodar som denne.

- Vitjinga vår til kommunane i dalen er eit av fleire tiltak for å styrke militært/sivilt samarbeid. Korte kommunikasjonsvegar og god dialog sikrar kvalitet på samarbeidet, seier områdesjef i Setesdal HV-område, kaptein Gunnar Sagstuen.

HV har også hatt såkalla sosialpatruljar rundt om i kommunane under øvinga.

- Det er viktig å vise seg fram, ha god kontakt med folk og på det viset vere med på å ufarleggjere øvingar. Situasjonen rundt om i verda gjer jo øvingar meir aktuelle, kan HV vere med på å skape tryggleik og sikre beredskap i samarbeid med andre instansar har me fått til mykje, seier Sagstuen.