Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Heinz Diehl

Heinz Diehl - tenesteleiar for helsetenesta i Bykle og Valle

Heinz er tilsett som tenesteleiar for helsetenesta i Bykle og Valle kommunar. Bykle er vertskommune for samarbeidet. Under han ligg tenester som; fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus.

Heinz har i tillegg til sjukepleiarbakgrunn, tilleggsutdanning innanfor m.a. kunnskapsbasert praksis og helseøkonomi. Han er oppteken av utvikling og har m.a. hatt ei sentral rolle i prosjekt innanfor «kvalitet og pasientsikkerheit i kommunehelsetenesta». Han har vore pleie- og omsorgsleiar og rådgjevar for kvalitet og helse i rådmannen sin stab i Fedje kommune før han kom hit. Vi ønskjer Heinz velkomen til Setesdal!

Publisert | Oppdatert 17. oktober 2019