Sundagsmelding frå kommunen

Vi konstaterer at koronaen heldigvis ikkje har eskalert her gjennom helga. Vi er og veldig takknemlege for at mange hytte`Byklarane har følgd meldinga om å reise heim no. Så skal vi tilsvarande ønskje alle meir enn velkomne tilbake så fort vi kan.  Meldinga som gjekk ut i går, gjekk både til fastbuande og hyttebuarar, - mange av eigne innbyggjarar fekk seg nok ein god latter av at dei og var velkomne tilbake etter koronaen. Tempo gjer til at vi ikkje var heilt presise i kommunikasjonen. Orsaking for det!

Ei ny arbeidsveke er i anmarsj. Vi opplev stor pågang av spørsmål vedrørande t.d. handverksnæringane. Det er fint om spørsmål blir sendt kommunen på epost til informasjonen@bykle.kommune.no – så vil vi svare ut så fort vi makter.

Tida framover kan bli krevjande, særleg for eldre og sjuke som bur heime. Omtanke og oppfølging for alle i nærmiljøet vil vere ekstra viktig framover. Vi har difor tillate oss å få etablert ei dugnadsside på facebook; «Korona-hjelp i Bykle»  (som supplement til transporttenesta vi har oppretta på Grendehuset til dei som er i karantene/isolat).  Sida vil bli drifta av Kirsten på turistinformasjonen. Vi håper mange vil ta del i dugnaden, anten gjennom direktekontakt til folk de tenkjer kan trenge ein telefon eller litt hjelp, eller at de melder dykk på facebook sida og stillar dykk til rådigheit for små oppdrag framover.

God veke – I lag skal vi sikre at alle i Bykle og kjenner seg trygge i korona-tida!