Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Helsetilbodet baserer seg spesielt på at nokre asylsøkjarar, flyktningar og gjenforeinte med familie kjem frå område der det er høg risiko for bestemde infeksjonssjukdomar eller dei treng spesiell merksemd på grunn av det dei har opplevt før dei kom til Noreg.
 
Helsetenester som denne gruppa skal få på lik linje som alle andre er blant anna:
  • fastlege
  • helsestasjon
  • skulehelseteneste
  • tannhelseteneste
  • undersøking av syn og høyrsel
  • oppfølging av gravide
  • kosthaldsrettleiing
  • psykisk helsehjelp.

Målgruppe

Asylsøkjarar, flyktningar og gjenforeinte med familie.

Kriterium/vilkår

For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.

Pris for tenesta

Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa
Lover og forskrifter

Dette er lovpålagde tenester. Sjå:

Helse- og omsorgstjenestelova kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester 
Pasient- og brukerrettighetslova § 2-1b Rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Forskrift om sosiale tjenester, bopelsløse

___
Skjema

Rettleiing - korleis få utført

Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.

Saksbehandling

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersoner

Navn:Heinz Thomas Diehl
Tittel:Tenesteleiar helse
Telefon:37938686
Epost:Heinz.Thomas.Diehl@bykle.kommune.no
Andre opplysningar
Oppdatert:
2018-12-10 12:33