www.bykle.kommune.no

Sommer

Sommer

Helsetenesta Bykle og Valle

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er vertskommunen.

Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda:
Lege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon og skulehelseteneste og psykisk helse og rus.

Innbyggarane i Bykle og Valle kommunar kan fritt gjøre seg nytte av tenestetilboda lokalisert i båe kommunar.  

Helsetenesta i Bykle og Valle gjer til ein kvar tid sitt beste for å levere tenester av god kvalitet, i samsvar med lov og føresegner og med kortast mogleg ventetid. Likevel må ein rekne med noko ventetid for våre tenester. Alvorlege tilstandar vil prioriterast fyrst.

Heinz Thomas Diehl er tensteleiar for Helsetenesta i Bykle og Valle, og har det overordna administrative ansvaret for alle tenesteområda i eininga.

Maren Østvold og Hallvard Mosdøl er Kst. kommuneoverleger for Bykle og Valle kommunar. Kommuneoverlegen er kommunens øvste medisinskfaglege mynde. 

Kommuneoverlegen har følgende oppgaver:

  • miljørettet helsevern
  • medisinsk faglig rådgivning
  • sekretær Legenes samarbeidsutvalg
  • bemyndigelse/medisinutlevering
  • kontaktperson med fastleger, legevakten og klagesaksbehandling
  • smittevernlege iht. smittevernloven
  • beredskap, jf. lov om helseberedskap
  • psykisk helsevern, jf. lov om psykisk helsevern

Innbyggjarane kan ta kontakt med kommuneoverlegen om dei har spørsmål som krev medisinskfagleg kompetanse eller ønskjer å melde frå om mogelege helseskadelege forhold.

 

Kontaktinformasjon

Tenesteleiar 
Heinz Thomas Diehl
M: 414 49 988
heinz.thomas.diehl@bykle.kommune.no

Kst. Kommuneoverlege 
Maren Østvold
M: 917 74 267
maren.ostvold@bykle.kommune.no

Kst. Kommuneoverlege 
Hallvard Mosdøl
M: 945 10 283
hallvard.mosdol@bykle.kommune.no

Publisert | Oppdatert 23. september 2019