For den gonga kraftutbyggjinga var på planleggingsstadiet, var Bykil og utgangen med "naturlege demningskantar" som ein ser så tydeleg på biletet, ein aktuell stad å demme opp. Så vart det ikkje slik, men biletet Sigrid Bjørgum har teke viser i alle fall at naturen hadde lagt til rette for noko mange nok i dag er glade for at aldri vart noko av.