36-åringen frå Porsgrunn er utdanna innan kulturvitskap frå universitetet i Bergen, og gler seg over å ha kome i gang i Bykle.

- Eg har blitt godt motteken, og ser fram til å samarbeide med så mange gilde menneske, seier ho.

Samordning

Som kulturkoordinator skal Mari koordinere kulturaktiviteten i kommunen, men også ta på seg ein del av gjennomføringa av ulike arrangement i kommunal regi.

- Så er det fantastisk å lese på heimesida til kommunen at Bykle er nr. 1 på kultur i landet! Då seier det seg sjølv at det er litt av ein kommune å kome til for ein med den stillinga eg har fått. No ser eg fram til arbeidet som ventar, smiler Mari Bolstad.