Verneområdestyret for SVR har sendt forslag til besøksstrategi ut på høyring.

Høyringa er open og alle som ønskjer det kan uttale seg. Høyringsfrist er sett til 15. oktober 2018. Høyringsdokumenta og annan informasjon finn du på verneområdestyret si nettside www.svr.no

I samband med høyringa vert det skipa til open kontordag på rådhuset i Bykle den 2. oktober kl. 17-19. Her vert det høve til å kome med spørsmål og innspel til besøksstrategien.