FØREMÅL
Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når  ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Det er Valle sparebank og Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det. 
 

KVEN KAN SØKJE OM TILSKOT?
Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bygland, Valle og Bykle kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. 

Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjons-oppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna. 

Sjå elles meir informasjon i brosjyren. 
 
Søknad sender du til: 
Honorarfond for folkemusikk
v/Astri Rysstad
Setesdalsvegen 3236, 4748 Rysstad 
M: 915 75 925
astri.rysstad@istorm.no